Saturday, April 16, 2011

Jakobsgarden i Bjørkedalen


Arne Ivarsson tok over bruket då han vart vaksen. Han er førd i tiendlistene frå 1640 - 1666. I 1645 skatta han for kone og tenest-jente. Arne hadde eit godt mål og var flink songar. Frå ein haug, «Mastrehaugen», ropa han heimatt at dei skulle kome opp til honum med ein navar som han hadde gløymt (1 km.). Ein gong han skulle til sjøen med ein tømmer flote, gjekk floten sund. Då han skulle binde han saman, datt han i vatnet og dei såg honum ikkje meir. Dotter hans, Ingeborg, var med, og då ho gjekk med barn ho og vart berga. Arne var skrivekunnig. Han hadde fire døtre alle var arbeidssame. Kvar av dei lyfte ei skyrtynne opp på sleden og køyrde heim frå sætra. Kona heitte Gjertru og var frå Vatne i Ørsta. — Born:
  1. Malene, f....., tvilling, budde på garden.
  2. Ingeborg, f....., tvilling, g. m. Anders Torbjørnsson N. Bjørke­dal.
  3. Marte, f....., g. m. Rasmus Verniksson Hesteflot, budde på Bjørneset.
  4. Inga, f....., g. m. Jon Mårstøyl

    I wonder if the milk buckets should be metal?
    this is Jakob's brand:
     
     

2 comments:

Anita said...

Nice pic.
And really nice story. (cough)

Anonymous said...

Interessant det du har funne ut om anane våre. Veldig fint bilde! Men nei, du, alle melkekjerald var laga av tre; stavar sett ned på ei rund skive og sammenbundne med vidjekvister. Kjerelda vart sette i vatn til dei trutna (svulma opp); då vart dei tette. Dette gjorde dei med båtane og.

Mor.